AqKva-konferansen flyttar til Bergen

 

Aqkva-konferansen starta som ein konferanse retta mot oppdrett av marine artar – først og framst torsk, og vart arrangert første gong på Stord hotell i 2004. Dei første åra låg deltakar- talet på rundt 70- 80, men har gradvis auka år for år.

Etter kvart som torskenæringa si betydning vart redusert, vart fokuset på konferansen dreid over på laks.

Konferansen har i alle år hatt fokus på å vera ein god møtestad for folk frå ulike delar av næringa, og har og lukkast i å laga ein møtestad mellom leverandørindustri og kundar. I tillegg har me lagt vekt på å samla flest mogeleg av konferansedeltakarane til ein flott 3-rettars festmiddag med god underhaldning. Her har me fått hjelp av bl. a. Per Inge Torkelsen, Frode Aga, Bjørn Jensen og Rune Andersen for å nemne nokre..

Konferansen har i løpet av desse åra vakse til å bli Vestlandets største regionale havbrukskonferanse. Dei siste åra har deltartalet vore rundt 350 konferansedeltakarar, noko som har vore det maksimale me kunne ta i mot på Stord. I år måtte me avvisa over 50 deltakarar fordi det ikkje var plass.

Og plassmangel er ein av dei viktigaste årsakane til at me no flyttar konferansen til Bergen. Me trur konferansen har eit potensiale til å vekse seg enda større. Dette gjeld både deltakarantalet og areal til utstillarar.

Me er glad for å ha landa ein avtale med Quality Hotel Edvard Grieg på Sandsli. Dette hotellet er nyoppussa og rigga for store konferansar. Her vil det vera tilnærma ubegrensa plass - og plassen for utstillarar og vil verta vesentleg utvida. Eit anna viktig moment er at hotellet ligg nær flyplassen, det ligg tett på bybanetraseen og er lett tilgjengeleg med bil. Hotellet har med andre ord kommunikasjonsmessig ei sentral plassering.

Ved å flytte til Bergen håpar me at konferansen skal verta lettare tilgjengeleg for oppdrettarar nord for Bergen, samt den delen av næringa som kjem reisande med fly.

Å flytta konferansen passar godt inn i strategien for å etablere Bergen som marin hovudstad, og me har eit nært og godt samarbeid med NCE Seafood Innovation Cluster.

Konferansedato i 2018 vert torsdag 18.01. Konferansen vert dette året arrangert for 15. gong.

 

Rensefiskkonferansen skal ikkje flyttast, og vert avhalde neste juni på Stord - som vanleg.

 

 

 

Go to top