Påmelding
Meny

Om oss

Om oss

AqKva har arrangert Aqkva-konferansen sidan 2004. Denne konferansen starta som ein konferanse retta mot oppdrett av marine artar – først og framst torsk. Dei første åra låg deltakar- talet på rundt 70- 80, men har gradvis auka år for år.

Etter kvart som torskenæringa si betydning vart redusert, vart fokuset på konferansen dreid over på laks.

Konferansen har i alle år hatt fokus på å vera ein god møtestad for folk frå ulike delar av næringa, og har og lukkast i å laga ein møtestad mellom leverandørindustri og kundar. I tillegg har me lagt vekt på å samla flest mogeleg av konferansedeltakarane til ein flott 3-rettars festmiddag med god underhaldning. Her har me fått hjelp av bl. a. Per Inge Torkelsen, Frode Aga, Bjørn Jensen, Christine Hope og Rune Andersen for å nemne nokre.

Konferansen har i løpet av desse åra vakse til å bli landets største havbrukskonferanse.

No arrangerar AqKva AS fleire årlege konferansar, og det siste tilskotet på stamma er Sats Marint - ein tradisjonsrik og god konferanse. Me ønskjer å vidareføra den i same ånd som før, og kanskje på sikt utvikla den til å bli endå betre.

AqKva AS er eit selskap basert på Bømlo, og har aktivitet over store delar av Vestlandet. Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon.

 

 

Konferansen er arrangert av AqKva AS, eit selskap som har som føremål å fremja kunnskapsformidling gjennom ulike arrangement. Me har hittil arrangert AqKva-konferansen 15 gongar, og Rensefiskkonferansen 2 gongar. Ytterlegare konferansar er på beddingen.

Styret består av:

  • Kjell Arne Møklebust (styreleiar)
  • Vidar Onarheim (nestleiar)
  • Hans Inge Algrøy (styremedlem)
  • Tor Solberg (styremedlem)
  • Erlend Waatevik (styremedlem)
  • Sigurd Handeland (styremedlem)

Kjell Arne Møklebust, Vidar Onarheim og Tor Solberg. Foto: Pål Mugaas Jensen

Me brukar informasjonskapslar

AqKva AS | Org.nr. 816 535 832 MVA