Påmelding
Meny

Praktisk info

Praktisk info

Tid/Stad 

Tirsdag 04. og onsdag 05. februar kl 10:00 på Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsliåsen 50, 5254 Bergen

Registrering frå kl. 09:00.

Påmeldingsfrist er satt til 25. januar.

 

Prisar

Konferanseavgift er kr 3.250,- for kaffi, lunsj, konferansedeltaking, festmiddag med vinpakke og underhaldning. Prisen er ekskl mva. Det er anledning til å delta på berre ein av dagane - isåfall - ta kontakt med oss. Me har studentrabatt, ta kontakt med oss også for påmelding av student.

For dei som ikkje har anledning til å delta på festmiddagen vert prisen redusert med kr 700,- ekskl mva.

 

Overnatting

For å gjera det enkelt for konferansedeltakarar og utstillarar, kan overnatting på Quality Hotel Edvard Grieg bestillast saman med påmelding på konferansen. Du vil finna avkrysningsboks for valg av overnatting når du melder deg på. Alternativene er enkelt- eller dobbeltrom, for 1 eller 2 netter, enten frå onsdag til torsdag (1 natt) eller frå tirsdag til torsdag (2 netter). Legg inn kommentar/melding i påmeldingsskjemaet dersom du har andre ønskje.

Pris for hotellrom er 1.450,- for enkeltrom. Pris er inkl mva. Hotellrom kan kansellerast kostnadsfritt inntil 7 dagar før arrangementet. Etter denne fristen vert hotellrommet fakturert til full pris. Når hotellet er fullt, har me ikkje lenger anledning til å tilby denne servicen,då må ein sjølv eventuelt finna eit anna hotell.

 

Parkering 

Parkering utandørs på hotellet sin parkeringsplass eller innandørs i hotellets garasje. Følg skilting.

 

Offentleg transport til hotellet

Buss: Direktebuss 50E går frå Bystasjonen eller Olav Kyrresgate. Gå av/på haldeplass Statoil/Sandslivegen, 700 meter frå hotellet. Turen tek ca. 40 minutter frå Bergen sentrum. Klikk her for ruter

Bybane: Stoppar 800 meter frå hotellet på haldeplass Sandslivegen og går jevnlig. Turen frå Bergen sentrum tek ca. 35 minutter. Frå Flesland tek turen 5 minutt. Klikk her for ruter

 

Me brukar informasjonskapslar

AqKva AS | Org.nr. 816 535 832 MVA

Nettløysing levert av Digitalbyrået Arego