Påmelding
Meny

Praktisk info

Praktisk info

Tid/Stad 

Torsdag 12. november 2020 kl. 10:00 på Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsliåsen 50, 5254 Bergen

Registrering frå kl. 09:00.

Påmeldingsfrist er satt til 9. november.

Prisar

Konferanseavgift er kr 3.250,- for kaffi, lunsj, konferansedeltaking og festmiddag med vinpakke. Prisen er ekskl mva, prisen inkl mva er 3.656,25. Me har studentrabatt, ta kontakt med oss for påmelding av student.

For dei som ikkje har anledning til å delta på festmiddagen vert prisen redusert med kr 750,- inkl mva.

 

Digital tilgong - live streaming

For dei som ikkje ønskjer eller kan reisa til konferansen tilbyr me digital live streaming av konferansen. Billett til slik streaming fins her: https://aqkva.ticketco.events/no/nb/e/sjoesikkerhet_i_havbruk_2020

 

Festmiddag - meny

Forrett: Tronfjell spekeskinke, med melon, balsamicosirup og krydderurter

Hovudrett: Kveite med erter, fennikel,potetaioli og smørsaus

Dessert:Konfektkake med karamellisert popcorn

 

Allergener: Forrett: sennep, egg / Hovudrett: fisk, melk / Dessert: melk, gluten, hvete

Vennlegst oppgje eventuelle matallergiar ved påmelding.

 

Overnatting

For å gjera det enkelt for konferansedeltakarar og utstillarar, kan overnatting på Quality Hotel Edvard Grieg bestillast saman med påmelding på konferansen. Du vil finna avkrysningsboks for valg av overnatting når du melder deg på. Alternativene er enkelt- eller dobbeltrom, for 1 eller 2 netter.enten frå torsdag til fredag (1 natt) eller frå onsdag til fredag (2 netter). Legg inn kommentar/melding i påmeldingsskjemaet dersom du har andre ønskje.

Pris for hotellrom er 1.450,- for enkeltrom og 1.850,- for dobbeltrom.Prisar er inkl mva. Hotellrom kan kansellerast kostnadsfritt inntil 7 dagar før arrangementet. Etter denne fristen vert hotellrommet fakturert til full pris. Når hotellet er fullt, har me ikkje lenger anledning til å tilby denne servicen,då må ein sjølv eventuelt finna eit anna hotell.

 

Parkering 

Parkering utandørs på hotellet sin parkeringsplass eller innandørs i hotellets garasje. Følg skilting.

 

Offentleg transport til hotellet

Buss: Direktebuss 50E går frå Bystasjonen eller Olav Kyrresgate. Gå av/på haldeplass Statoil/Sandslivegen, 700 meter frå hotellet. Turen tek ca. 40 minutter frå Bergen sentrum. Klikk her for ruter

Bybane: Stoppar 800 meter frå hotellet på haldeplass Sandslivegen og går jevnlig. Turen frå Bergen sentrum tek ca. 35 minutter. Frå Flesland tek turen 5 minutt. Klikk her for ruter

 

Beredskap og tiltak covid-19

Me held oss til helsemyndighetene sine gjeldande retningslinjer og me samarbeidar tett med hotellet for best mogeleg smittevern. 

Me gjennomfører konferansen slik at alle kan halda naudsynt avstand til kvarandre – både ved registrering, inne i konferansesalen, i pausar og ved matservering. Det kan medføra at ting tar litt lengre tid, og me bed om forståing for dette.

For meir informasjon, https://www.nordicchoicehotels.no/informasjon-om-sikkerhetsrutiner/

 

Me brukar informasjonskapslar

AqKva AS | Org.nr. 816 535 832 MVA