Påmelding
Meny

Om oss

AqKva-konferansen

Aqkva-konferansen starta som ein konferanse retta mot oppdrett av marine artar – først og framst torsk, og vart arrangert første gong på Stord i 2004. Dei første åra låg deltakar- talet på rundt 70- 80, men har gradvis auka år for år.

Etter kvart som torskenæringa si betydning vart redusert, vart fokuset på konferansen dreid over på laks, med fokus på forskning, teknologiutvikling og den generelle utviklinga i næringa.

Konferansen har i alle år hatt fokus på å vera ein god møtestad for folk frå ulike delar av næringa, og har og lukkast i å laga ein møtestad mellom leverandørindustri og kundar. I tillegg har me lagt vekt på å samla flest mogeleg av konferansedeltakarane til ein flott 3-rettars festmiddag med god underhaldning. Her har me fått hjelp av bl. a. Per Inge Torkelsen, Frode Aga, Bjørn Jensen, Christine Hope og Rune Andersen for å nemne nokre..

Konferansen har i løpet av desse åra vakse til å bli landets største havbrukskonferanse, og samlar i dag meir enn 600 bransjefolk frå heile landet. 

 

 

Konferansen er arrangert av AqKva AS, eit selskap som har som føremål å fremja kunnskapsformidling gjennom ulike arrangement. Me har hittil arrangert mellom 45 og 50 ulike konferansar og webinar.

Styret består av:

  • Morten Dale (styreleiar)
  • Kjell Arne Møklebust (nestleiar)
  • Laila Knarvik (styremedlem)
  • Tor Solberg (styremedlem)

Kjell Arne Møklebust, Vidar Onarheim og Tor Solberg. Foto: Pål Mugaas Jensen

Me brukar informasjonskapslar

AqKva AS | Org.nr. 816 535 832 MVA