Tid/Stad
Torsdag 18.01.2024 kl. 09:30 på Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsliåsen 50, 5254 Bergen
Registrering frå kl. 08:30.
Prisar
Konferanseavgift er kr 3.950,- for kaffi, lunsj, konferansedeltaking og festmiddag med vinpakke. Prisen er ekskl mva. Me har studentrabatt, ta kontakt med oss for påmelding av student.
For dei som ikkje har anledning til å delta på festmiddagen vert prisen redusert med kr 750,- inkl mva.
Festmiddag - meny
Aperitif
Forrett: Blåskjell og sellerirot suppe med julienne og reker
Hovudrett: Culote av "kvige" ovnsbakte røtter, potetkake og rødvinsaus
Dessert: Pasjon, marengs og nøtter
Overnatting
For å gjera det enkelt for konferansedeltakarar og utstillarar, kan overnatting på Quality Hotel Edvard Grieg bestillast saman med påmelding på konferansen. Du vil finna avkrysningsboks for valg av overnatting når du melder deg på. Alternativene er enkelt- eller dobbeltrom, for 1 eller 2 netter. Enten frå torsdag til fredag (1 natt) eller frå onsdag til fredag (2 netter). Legg inn kommentar/melding i påmeldingsskjemaet dersom du har andre ønskje.
Pris for hotellrom er 1.650,- for enkeltrom og 1.950,- for dobbeltrom.Prisar er inkl 12% mva. Hotellrom kan kansellerast kostnadsfritt inntil 7 dagar før arrangementet. Etter denne fristen vert hotellrommet fakturert til full pris. Når konferansehotellet er fullt, har me ikkje lenger anledning til å tilby denne servicen, då må ein sjølv eventuelt finna eit anna hotell.
Parkering
Parkering utandørs på hotellet sin parkeringsplass eller innandørs i hotellets garasje. Følg skilting.
OBS: det er begrensa antal parkeringsplassar, så kjør gjerne saman dersom mogeleg.
Offentleg transport til hotellet
Buss: Direktebuss 50E går frå Bystasjonen eller Olav Kyrresgate. Gå av/på haldeplass Equinor/Sandslivegen, 700 meter frå hotellet. Turen tek ca. 40 minutter frå Bergen sentrum.
Bybane: Stoppar 800 meter frå hotellet på haldeplass Equinor/Sandslivegen og går jevnlig. Turen frå Bergen sentrum tek ca. 35 minutter. Frå Flesland tek turen 5 minutt.
E-post signatur: