Påmelding
Meny

Student

Student’s Corner

Vis fram arbeidet ditt for næringa

Bli med på Student’s Corner under Aqkva-konferansen 2019!

 

Er du student og har du eller er du i gong med å skriva ei oppgåve relatert til havbruksnæringa?

På Aqkva-konferansen inviterer me 20 studentar til å delta på standområdet «Student’s Corner» der du får sjans til å visa frem ditt arbeid for næringa. Her vil du møta aktørar frå heile verdikjeda, og kanskje treff du din framtidige arbeidsgjevar. Me deler ut pris for beste poster!

 

Kven er du?

  • Student på masternivå eller bachelornivå på høgskule eller universitet i Norge
  • Du har skrive - eller er i gong med å skriva ei oppgåve relatert til havbruksnæringa

 

Kva får du?

  • Du får vist deg fram på Norges største havbrukskonferanse
  • Du får møta aktørar frå heile næringskjeda og knyta verdifulle kontaktar
  • Du er med i konkurransen om å vinna pris for beste stand: 10.000,-
  • Du får dekka konferanseavgift og festmidag om kvelden

 

Kva treng du å gjera for å delta?

  1. På påmeldingssida (link under) registrerer du deg med navn, kontaktinformasjon, kva du studerer og kor du studerer.
  2. Du vil bli bedt om å gje eit lite abstrakt av prosjektet eller oppgåva du ønskjer å presentera under konferansen. I skildringa ønskjer me at du inkluderer problemstilling, metode, funn (om relevant), og konklusjon (om relevant)
  3. I løpet av desember vil du få beskjed om du vert valgt ut

 

Søknadsfrist: 15.desember

Link til påmeldingsside

 

Student's Corner under AqKva-konferansen er ein del av KABIS-prosjektet (Kapasitetsløft for Innovativ og Bærekraftig Sjømatnæring) som har som målsetjing å auke mobilitet og samhandling mellom oppdrettsnæringa og UH-institusjonar i regionen.

 

For spørsmål kontakt Marit Eggen

e-post: marit.eggen@hvl.no

mobil: +47 45 23 69 29

Me brukar informasjonskapslar

AqKva AS | Org.nr. 816 535 832 MVA

Nettløysing levert av Digitalbyrået Arego