Påmelding
Meny

Om oss

aqKva Konferansen

Aqkva-konferansen starta som ein konferanse retta mot oppdrett av marine artar – først og framst torsk, og vart arrangert første gong på Stord hotell i 2004. Dei første åra låg deltakar- talet på rundt 70- 80, men har gradvis auka år for år.

Etter kvart som torskenæringa si betydning vart redusert, vart fokuset på konferansen dreid over på laks.

Konferansen har i alle år hatt fokus på å vera ein god møtestad for folk frå ulike delar av næringa, og har og lukkast i å laga ein møtestad mellom leverandørindustri og kundar. I tillegg har me lagt vekt på å samla flest mogeleg av konferansedeltakarane til ein flott 3-rettars festmiddag med god underhaldning. Her har me fått hjelp av bl. a. Per Inge Torkelsen, Frode Aga, Bjørn Jensen og Rune Andersen for å nemne nokre..

Konferansen har i løpet av desse åra vakse til å bli Vestlandets største regionale havbrukskonferanse. Dei siste åra har deltartalet vore rundt 350 konferansedeltakarar.

 

 

Konferansen er arrangert av AqKva AS, eit selskap som har som føremål å fremja kunnskapsformidling gjennom ulike arrangement. Me har hittil arrangert AqKva-konferansen 14 gongar, og Rensefiskkonferansen 2 gongar.

Styret består av:

  • Kjell Arne Møklebust (styreleiar)
  • Vidar Onarheim (nestleiar)
  • Hans Inge Algrøy (styremedlem)
  • Tor Solberg (styremedlem)
  • Erlend Waatevik (styremedlem)
  • Sigurd Handeland (styremedlem)

Kjell Arne Møklebust, Vidar Onarheim og Tor Solberg. Foto: Pål Mugaas Jensen

Me brukar informasjonskapslar

AqKva AS | Org.nr. 816 535 832 MVA

Nettløysing levert av Digitalbyrået Arego